17. feb. 2012

Til Jotunheimen

Merete Byrøygard les diktet. Foto: NettskoleRessurs.axd
av Theodor Caspari
utdrag frå diktet Til Jotunheimen

Hvem er han som enslig vanker
over viddene der vest, -
taus i nordlysfjerne tanker? -
   Se, nå river det i tåken!
   Trossig reiser Fanaråken
   hodet i den yre blest. -

Bratt til alle kanter viger
skodden over fly og fonn. -
Med fanfarens makt det stiger:
   "Kommen er han, den som råder
   fjellnaturens dunkle gåder,
   viddens høye, frie ånd."

I ett nu er stålet kastet -
Lik en luftig hildring lå
høyfjellsborgen brutt og bastet. -
   Fjell og sjøer, fly og seter
   steg imot den klare eter,
   solomskyllet - mørkeblå. -

Og da våkner eventyret. -
Høyt fra Gjendineggens pynt
stemmer dikteren sin lyre.
   Hør, hans sterke stemme klinger:
   Opp med brak og bulder springer
   Rondehallen for Peer Gynt. -

Kjelde: Dikte i utvalg, Ernst G. Mortensens, 1945, s. 126

10. feb. 2012

Til ein namnlaus

Even Lusæter les diktet. Foto: M. Byrøygard
av Tor Jonsson

Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
å vera og vera -

Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
Skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.

Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.

Du namnlause gjevar,
eg får ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje -
Men kjem du kje nær meg
så takkar eg henne
du gav meg for det eg
skal brenne og brenne -

Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 187

3. feb. 2012

Natt som stillast

Even Lusæter les diktet.
Foto: http://www.fjellweb.com/
av Olav Aukrust

Soli fjella, glein og glatt,
fjell står att og stengjer...
Alt er tagna. Ned kjem natt
på breide, svarte vengjer,
då vaknar dulde strengjer.
Og Sátan kjem med all sin her,
og Himmelørn og Herrens vêr,
   og angest-orm,
   og eld og storm,
og lògen stri'r som villast,
og det er natt som stillast.

Natti rivna, soli spratt,
sprengde dimme draumen.
Ljos og glad kjem dagen att,
skin på livsens straumen.
Men natti tèk att taumen.
Og ein ligg sæl og vill og varm,
og ein ligg still og hard og harm
   og eirar att
   den nifse natt,
og livet stri'r som villast,
og alt er natt som stillast.

Og dagen ris, og dagen rår
sterk og styrer verdi.
Og dagen kjem, og dagen går,
det er den gamle gjerdi.
Og mangeleis er ferdi.
Det er so mang ei namnlaus stund,
so mang ei sorg i hjartans grunn,
   so mang ein dag
   so mangt eit jág,
men várt kjem alt, og villast,
når det er natt som stillast.

Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 53

27. jan. 2012

Reistvegen

Sigmund Bråtet les diktet.
Foto: http://www.bredebygden.com/Steder/Bjorndalsvegen.html
av Rolf Vang

Hestkjøraren
var supermannen
i vår barndoms grend.
Med tung, før gamp,
og tømmerlekkjene
skranglande
over styttingsåsen
drog han innetter liene
før dagsljoset gråna.

Langseig med staup og stup
snudde reistvegen seg
over mo og myr.
Frå avstengde skoghol
seig lensa langs tømmerrenna
mot velta.
Stakkars den som
slumsa med reistene
når storlensa skaut på
så glodrevet stod.

Farleg og blank,
som eit sleipt fabeldyr
låg tømmervegen -
stygghål og farleg
når kjølda blåna
ein kveld i mars.

Ein glidande orm
av grovt tømmer.
Ei knusande tyngd
i døn og dunder mot
stein og stubb.
Mannen som reid
på dragstokkane
med taumane som
to dirrande nerver
mellom hendene.

Hesten som sklei
på hasane
i vitlaust vrin
framfor dette ville,
ustyrlege.
Ei underleg, levande
tyngd - trugande og farleg.
Berre få av mange
vart god hest og god mann
i farlege reistvegar.

Dei er borte nå,
godkarane i tømmerløypa.
Dei som hadde auga
for lendet,
og la vegane så dei
berga seg ned gjennom uføret.
Desse, som skrevs
over stokkane
kunne sjå dauden i augo -
som likevel
gjorde vendinga om att
og pjeksa nye lenser.

Men i tusen reistvegar
landet over, står namn
att etter dei:
- Styggholet, Skråbrekka -
Kastarbakkjin.
Namn knytte til
hendingar -
til strev og blodslit
frå ei faren tid
i skogane.

Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen, 1985, s. 177

20. jan. 2012

Trollveggen

Vegard Vigerust les sitt eige dikt. Opptak frå NRK.
Foto: Mittet design
av Vegard Vigerust

Eingong skal Trollveggen reise seg
bratt og svart
ikkje sjåande for andre enn deg.
Du veit du lyt vinne over han
om du skal overleva.

Da slår du inn boltar til å klive på.
Over avgrunnen leitar du etter feste
hamrar vilt på sorga si bringe
høyrer i råkalde vakennetter
eit steinhjarta slår.

Det er ikkje sant at boltane er sterke
men du legg ei tru i dei
som skal vega opp tyngsla i deg.
Såleis vil du lyfte deg fot for fot
bort frå livet du er på veg attende til.

Eller du legg berre trass
i stålspissen du borar inn
for å traversere
til ein ny avsats å koma seg opp frå.
Mot Trollveggen kjempar ein med alt.

Den som du helst teier med
som reiser seg når alle vegger har rasa saman
og som du ikkje veit kva er til.
I mørkret talar han til deg
om Betlehemsstigen han ville vera.

Bergteken er du.
Men det er ikkje døgervill du løyser boltane
og lèt dei single i djupet.
Smilen din er ikkje meiningslaus
for dei som skal klive etter deg.

Berre den skal sigre over Trollveggen
som aldri når fram
som aldri vender attende
som rastlaus slår inn nye boltar
medan andre søv
som ikkje lyer til ropet under seg
at alt er fåfengt
som heng i enden av livslina si
og strir seg vidare.
Einast han skal sigre.

Vegard Vigerust
Kjelde: Istid, Gyldendal, 1972, s. 50

13. jan. 2012

Til fjellet

Lisbet Lid Venås les diktet sitt. Foto: Merete Byrøygard
av Lisbet Lid Venås

Du eig min hug, du ville vidd
med urd og verhard lyng,
med blom og bjørk kring myr og tjørn
der solgangsvinden syng.

Du fekk mi tru ein vinterdag
så høg - med solbleik snø.
Du fekk mi von ein seinhaust blå
med gull og gråt om hø.

Du fekk min draum ein lengtingsvår,
min ungdoms brisingsbrann.
Eg elskar deg, du armodsgrå,
du byrge, rike land!

Kjelde: Villgras, Fonna, 1959, s. 9

6. jan. 2012

Ved ein kvileplass

Audun Høgbrenna les sitt eige dikt. Foto: Rita Mundal
av Audun Høgbrenna

Eg kom der ein efta på heimtur frå fjelle'
og stana og såg meg omkring.
Og gøymt millom stein, på eit vindstille stelle,
låg det att kol i ein haug bak ei helle
og kviskra om gagne ting.

Ein gong kom der ein kar der og sette ned sekken,
han nådde vel kanskje eit mål.
Han tok med seg kjel'n sin, og gjekk burti bekken.
Og her på de turre og vindstille flekken,
her fann han livd åt eit bål.

Han lunka på kaffen, la innpå og brende,
og fyra med måså og kvist.
Eg sette meg ned der og syntes eg kjende
at teven tå kaffe'n hass låg att i lende'
frå da han var innom her sist.

Det kolet som låg att, vil framtida gøyme,
for tida brer over med måså og lyng.
Men slikt som ein fjellvandrar aldri vil gløyme,
det leitar han fram att når tankan' får strøyme
attende dit fjellbekken syng.

Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta forlag, 2002, s. 10

15. des. 2011

Mammut og moskus

Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet. Foto: Dombås turistkontor
av Vegard Vigerust

Mammut på Dovre-platået
- ikkje lenger å sjå i blået.
Vår heimlege dinosaur
kjøvdest ned i is og aur.
Men moskus finst i fjellom her,
minimammut, storegut,
halvvegs sau og tri kvart stut!
Tonge dyret kliv så lett,
horn i hugu-brasken tett!
Smell det høgt i skard og hø,
er det paringskamp på liv og død.

Men smyg du deg innpå med kamera
og ailder så nære,
så veit du brått ikkje ordet 'tå
før du fyk i høgste være!
Moskusen tæk deg på nåsån,
Gud bevare ditt stakkars liv
- da ser du Dovre i perspektiv,
og blodet ditt dryp i måsån.

Bildet du tok, i såmå sekundet,
va som bestilt 'tå Naturvernforbundet -

Vegard Vigerust
Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen , 1993, s. 7

9. des. 2011

Sut skrik att

Even Lusæter les diktet.
Foto: http://www.nordheim.nu/
av Jo Turtumøygard

Månen glitrar på svaberg-svell
høgt i høom, seinvinterkveld.

Kalde fjelldrag av drivkvit lin
ris mot himlen i måneskin.

Svarte skuggar i berg og urd
smyg i gjelom og ligg på lur.

Månen smett bakom flogbratt fjell.
Att ligg svart-kalde vinterkveld.

Uro vaker i stille natt.
Hubro uler, sut skrik att.

Kjelde: Jøkulen græt, Fonna forlag, 1970, s. 32

2. des. 2011

Det er stilt

Finn Sandum les diktet.
Foto: fcmplanets.blogspot.com
av Olav Øygard

Det er stilt på sætervangen
medan natti myrk sig på.
Einsleg lyt eg kringum sviva,
ingenstad er liv å sjå.

Det er stilt i alle åsar,
no dei søv båd' folk og fe.
Berre eg må gå og driva,
berre eg er utan fred.

Det er stilt, og gjennom lidi
lyder korkje song ell' ljom.
Eg som tenkte du skuld' koma
ung og glad som fyrr du kom.

Det er stilt, men stjerneauga
det er like blidt som då.
Tru det skal ei helsing bera
frå den ven eg ei kan nå?

Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 29