Reistvegen

Sigmund Bråtet les diktet.
Foto: http://www.bredebygden.com/Steder/Bjorndalsvegen.html
av Rolf Vang

Hestkjøraren
var supermannen
i vår barndoms grend.
Med tung, før gamp,
og tømmerlekkjene
skranglande
over styttingsåsen
drog han innetter liene
før dagsljoset gråna.

Langseig med staup og stup
snudde reistvegen seg
over mo og myr.
Frå avstengde skoghol
seig lensa langs tømmerrenna
mot velta.
Stakkars den som
slumsa med reistene
når storlensa skaut på
så glodrevet stod.

Farleg og blank,
som eit sleipt fabeldyr
låg tømmervegen -
stygghål og farleg
når kjølda blåna
ein kveld i mars.

Ein glidande orm
av grovt tømmer.
Ei knusande tyngd
i døn og dunder mot
stein og stubb.
Mannen som reid
på dragstokkane
med taumane som
to dirrande nerver
mellom hendene.

Hesten som sklei
på hasane
i vitlaust vrin
framfor dette ville,
ustyrlege.
Ei underleg, levande
tyngd - trugande og farleg.
Berre få av mange
vart god hest og god mann
i farlege reistvegar.

Dei er borte nå,
godkarane i tømmerløypa.
Dei som hadde auga
for lendet,
og la vegane så dei
berga seg ned gjennom uføret.
Desse, som skrevs
over stokkane
kunne sjå dauden i augo -
som likevel
gjorde vendinga om att
og pjeksa nye lenser.

Men i tusen reistvegar
landet over, står namn
att etter dei:
- Styggholet, Skråbrekka -
Kastarbakkjin.
Namn knytte til
hendingar -
til strev og blodslit
frå ei faren tid
i skogane.

Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen, 1985, s. 177

Kommentarer