Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2019

I vide fjell

Bilde
Rolf Vang les sitt eige dikt. Foto: Liv Annett Nygjerdet av Rolf Vang Ei viermyr - eit jordvass-sèg. Eit landskap stort og audt og vilt, ein einsemd-sus av fjell. Eit vatn grélar grønt og grått der vind og sol legg siste strik av skymingsblått mot kveld. Ein fjelltit fløytar stilt. I regnvåt jord - eit menneske har gått og sett sitt spor. Langt vest i vika skrik ein lom. Eg trør varsamt gjennom endelause rom. Eit landskap ligg her, stort og vidt. Ein vandrar går her - kjenner det som sitt, og ber ei kjensle av at stein og kjerr og vidde - takkar meg fordi eg kom. Kjelde: Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 16

Fjellstort og fjellsmått

Bilde
Ragnar Solberg les sitt eige dikt, NRK,1958. Foto: Bernt Tordhol av Ragnar Solberg Fjellstort og fjellsmått – ja, her må eg dikte. Her vakna eg uppat åt ansvar og plikte – Fjellstort og fjellsmått – det skin ti det blåe. Tindan stig mektoge men blomstre er småe. Kjennest du ved meg ein åliten pyrill som smile halvt polisk åt skodd-skyom rådvild? Ruskevær kvølvest – vind kvikna og bær se' til solsmilet brå-skjølv for tongsinn i verset – Det slæst i meg sjøl kæ som rangen har fått når det myrke blir stort og det ljose blir smått. Men slik vill det bli for ein og for alle: Ei solhøgd i sinnet legg skugge mot fallet. Fjellstort og fjellsmått – med kvit-tind og svartstup og blomster som elska frå innst i mitt hjærtdjup – Kjelde:  Livs-skurd. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1950, s. 141

Uppover berget

Bilde
Even Luseter les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Mot blå djup av endeløyse lyfter seg berget. Bratt berg mot ditt stålblå auga. Her skal du gå gjenom livet kvar dag, kvar natt. Solflaumen øljar kring panna. Nattstjerna svalar og skin. Frå usedd kjelde går viljen som flødande sevjestraumar igjenom dine lemer. Føtene leitar blindt etter feste uppover berget på smale pall. Du veit i ei dirring at djupet ligg der nedunder. Syg med ein avgrunns dragnad, ventar ditt fall - Du kjem dit du ser. - Dag etter dag til den siste timen vil du beda um kraft til å vende auga mot dit du skal. Kjelde:  Innover viddene , Noregs Boklag, 1968, s. 54