Uppover berget

Even Luseter les. Foto: Morten Kielland
av Jan-Magnus Bruheim

Mot blå djup av endeløyse
lyfter seg berget. Bratt
berg mot ditt stålblå auga.
Her skal du gå gjenom livet
kvar dag, kvar natt.

Solflaumen øljar kring panna.
Nattstjerna svalar og skin.

Frå usedd kjelde
går viljen
som flødande sevjestraumar
igjenom dine lemer.

Føtene leitar
blindt etter feste
uppover berget
på smale pall.

Du veit i ei dirring
at djupet ligg der nedunder.
Syg med ein avgrunns dragnad,
ventar ditt fall -

Du kjem dit du ser. -

Dag etter dag
til den siste timen
vil du beda um kraft
til å vende
auga mot dit du skal.

Kjelde: Innover viddene, Noregs Boklag, 1968, s. 54

Kommentarer

Legg inn en kommentar