Innlegg

Viser innlegg fra august, 2019

Nattsong

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Bernt Tordhol av Jan-Magnus Bruheim Dagen har gått til kvile og står ikkje upp att meir. Fuglane flyg mot skogen og roar seg i sitt reir. Barn knepper sine hender og søv i den gode fred. Ventar til morgonen vender attende - og tek dei med. Jamvel vinden har stilna - Sumarnatti er sval. Fjellgarden  drøymer i blådis og doggen fell over dal. Hovud ved hovud, som småborn søv blomane i si seng. Fivreld legg vengjene saman, kløveren søv utpå eng. Allting kvarast mot natti. Småkryp og dyr uti skog leitar seg natte-lege. Men ikkje ein fredlaus hug - Tankane flagrar or reiret søvnlause, utan kvil. Fører deg med seg dei mange endelaust lange mil. Tankane flakkar vide, vengjestilt - utan ljod. Det er som du gjæter ein bøling som aldri legg seg i ro. Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 48

Vise i fjell

Bilde
Signe Seim les. Foto: Morten Kielland av Signe Seim Fara i fjell under solsløkt tind, finna ein heller for natta. Krypa i livd for væte og vind, finna ein heller for natta. Lyda til vatn som droplar i smog, finna ein hellar for natta. Høyra kor vind kan stogga sitt flog, finna ein heller for natta. Vita at alt skal roa seg smått, finna ein heller for natta, kjenna det slik, mot kveld er det godt finna ein heller for natta. Kjelde:  Sju frostnetter , Det Norske Samlaget, 1979, s. 29

Bånsull

Bilde
Foto: Rita Mundal (ein haustkveld) av Olav Aukrust Merete Byrøygard les Å skin i skardom. Hanen gjel og røyk stig på gardom. Hjalar hjuring høgt i hø. Rim på blad og bleinka bø. Gulnar konn i dalom og visna lyng i lidom,    - å lidom. Byssam, å fjaggen. Kjellargufs og godt øl på kaggen. Øl til gjest og gjengarmann. Gamel-Synne mjølk i spann,- snille Gamel-Synne og Sissel Søtilbakka,    - å bakka. Brim og mysublande ska' heller ikkje folk vilja vande. Nysilt mjølk ska' båne' få. Vert det ingor onnor rå', so finn me bær i skogen- men trøyste oss, kjem sjogen,     - å sjogen. Myrbær på Mytingen. Tett på tuva raud finn me tytingen. Soli skein so varm og blid- hegg og bring og blåbær-lid kjem med bær åt bonom, ja bær åt alle bonom,    - å bonom. Byssam, bysam båne'. Langt burt i berg og bankan blåne. Rauberg stul og Ljosli gauk, vakkert vêr og ingen hauk; berre eg og du, san, ska' der i fjellom bu, san,    - å bu, san.

Steinen på stupet

Bilde
Foto: Bernt Tordhol av Ragnvald Skrede Bjørn Sigurd Glorvigen les Boren av skridande bre, lagd på ein tind, endeleg løyst or lega og send som i susande vind, men stansa på nytt av meinslege makter – slik ligg steinen på stupet. Kviler i ladd ro i tusenår, duvar i drøymt framsviv, dirrar i minnet om avlaus-tan. Så bikkar, så losnar det ein sundagsmorgon. Fjellet kastar med nakken, set i eit skingrande hanegal. I ei stutt, men veldig stund er draumane røynd: Slik fart f i n s t! Bleike står vi og skjelv i krutrøyk: Har du sett slikt flog over fonn? Har du høyrt slik sukk eller kjent slik fred? –  – – Boren av skridande bre . . . . Kjelde:  Den kvite fuglen , Aschehoug, 1955, s. 22