Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Blod i snø

Bilde
av Tor Jonsson
John Nyustumo les

No dryp det blod i snø.
Det bed frå svarte augnedjupet,
og angestbåra bevrar gjennom hold:
Eit stakkarsting, ei livredd rjupe,
som, snarefanga, snart er død.

Det kveldar over fjell.
Og månen kliv imellom tindom,
i kalde hjartelause himmelhav.
Ein vindgust sældar snø på rindom
og kverv i kvit og månljos kveld.

Ei stjernebru er strødd,
med æveblenk i jordlivsdagar,
ho speglar seg i svarte augnerømd.
og nordljosteppet skjelv og blagar.
Men auga stivnar, gjennomglødd.
- - -
Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt.
For livet sjølv dreg snara åt
og kvæver i den kvite snø
ei von, eit einsleg minne
om sumar over fjell og finne.

Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 25

Sut skrik att

Bilde
av Jo Turtumøygard
Even Lusæter les

Månen glitrar på svaberg-svell
høgt i høom, seinvinterkveld.

Kalde fjelldrag av drivkvit lin
ris mot himlen i måneskin.

Svarte skuggar i berg og urd
smyg i gjelom og ligg på lur.

Månen smett bakom flogbratt fjell.
Att ligg svart-kalde vinterkveld.

Uro vaker i stille natt.
Hubro uler, sut skrik att.

Kjelde: Jøkulen græt, Fonna forlag, 1970, s. 32