Innlegg

Viser innlegg fra september, 2017

Eit møte

Bilde
Merete Byrøygard les . Foto: Morten Kielland av Olav Aukrust Eg møtte ei utgomol krekse med krykkje, ihopkrøkt av alder, med ein'-kragg på ryggjé; skodd var i høom, og skumt var på fjell. Myrkt var i morkom, det halla mot kveld. Det rikta og svikta i turrfuru-skrymt - ho stod som eit syn der i skodde og skymt. Eg helsa godt mot, og ho svara Gu'sindé', det var på ei myr burti fjellom ved Rindé. "Dæ mæssom e' trur ikkje dauin vil hå me', å Gu' gje au, leil, at e' snart ha stridt frå me'!" - ho skolv som på eit tre på ei myrull-myr, der livande daude krèk innåt og kryr. Ho stod der so drøymd som ei bergvegg-møy, so gomol og grå, at ho fekk ikkje døy. Eingong flaug ho gjætl'-gjente, lettføtt som hindé, og lokka i langmorkom burti ved Rindé. Ho einstirde langt inn i dauden og domen, ho ynskte seg siste timen sin komen; krokt over krykkja ho stirde og stod. Handi var krøkt som ei rovfugl-klo. - - Det serra so rart i e

Morgon på Neto-sæter

Bilde
Foto og innlesing: Aud Hove av Tea Kummen Aud Hove les. Ei lita selsdør                                                   på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand  -  . Og silingskluten og spenasmurning og kakk  -  . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom  -   med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på  -  . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg  -  og der ser eg geiten' krek alt mot sør! Tru Sigrid-gjenta i gamelselet forsøv seg no? Det er så stilt bortpå søre stulen i kvar ei trå. Men trøyste meg, da! Sjå oppå Øvre   -  i blåe røyk  -   på skorteinspipa med lasne steinar ein liten pøyk! Hysj! Klakk på hella,