Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

Altere

Bilde
av Ragnar Solberg

E fell på kne her
ved villfjellet kvitt
og takka de' kjærest,
for alt det som æ ditt -
din skafna og eld.
På de' sole fyst renn
og sjå de' alterljos
kyrkjestilt brenn.

Suset tå høgtid
frå myrtne på jord
og djupe skjølva
som i hjærta' mitt gror
bli' e alder fri;
men tindan dine står
og vitna som ein dråm
um evig vår.

E kysse så glad
di is-skura ur
og e takka i bøn
ein stor og sterk natur
som i nåde ga -
Kvite bringa på de'
som lyse tå lengsel
vill gje me' fred.

Kjelde: Is-gud, Aschehoug, 1937, s. 208

Bergbruri

Bilde
av Aslaug Vaa


Kvar er lykka?
Stundom i eit vatn der himilen speglar seg -
der nutar og lidar og nes sym
som i ein glidande draum.

I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt
med æar som fysser uti,
kvite av isen frå fennan på vidda.
Og bratte reinar
med bjørkekrullar
og rape og viu og tett grøn brisk
stend på skallen i vatnet.

Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite serken sin
og spegla seg att i djupaste vatnet,
med´ tusen sjønnur dansa ut frå dei grøne skålin.
Ho er som lykka millom to menn´skje.
Ho er ikkje tidt å finne,
men ein dag stend ho der,
i harde berget,
og då er ho annleis enn alt anna.

Når bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn,
er det to som smiler til einannan,
er det to som vaknar or draumen sin.
Når bergbrurin drys sjønnun sine ivi vassflata
er det to hugar som flyt i hop
og laugar seg på djupet
og leikar seg med blå himil og kvite skyir.


Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 84