Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2013

Staale paa Fjellferder

Bilde
Ann Kristin Leirmo les . Foto: Merete Byrøygard av A. O. Vinje "Til fjells, til Fjells upover Dal og Lid og over Bekk og Aa med Straumen strid, og so fram etter Kult og Knatt og Koll med Bakkedrag på mosagrodde Voll. So lenger burte seer du Topp og Tindar med kvite baand ikring som breide Lindar, og svarte Ryggar att' og fram seg krossar, og millom Sidebeina storknad Fossar. Du gjeng og stend, og fram du strævar paa og set deg ned og kringom deg lyt sjaa. Du pusten er og aldri nok kan faa af dette Syn, som sigler i det Blaa. So leitar du ikring og seer og gjeng, og legg deg ned paa mjuke Mosasæng. Du skjelv af Liv, og hjarteslaget læter. Det svarte Blod vert raudt i denne Æther. A! kjære Bymann gakk ei stjur og stiv, men kom her up og kjenn eit annat Liv! kom hit, kom hit, og ver ei daud og lat! kom kjenn, hot d'er som heiter Svevn og Mat, og Drykk og Torste og det heile, som er Liv og Helse i ein Hovudsum. Og Tanken, denne Fugl fraa Ljos og