Ståle på fjellferder

Ann Kristin Leirmo les. Foto: Merete Byrøygard
av A. O. Vinje

"Til fjells, til fjells uppover dal og lid
og over bekk og å med straumen strid,
og so fram etter kult og knatt og koll
med bakkedrag på mosagrodde voll.
So lenger burte ser du topp og tindar
med kvite bånd ikring som breide lindar,
og svarte ryggar att og fram seg krossar,
og millom sidebeina storkna fossar.

Du gjeng og stend, og fram du strevar på
og set deg ned og kringom deg lyt sjå.
Du pusten er og aldri nok kan få
av dette syn som sigler i det blå.

So leitar du ikring og ser og gjeng,
og legg deg ned på mjuke mosaseng.
Du skjelv av liv, og hjarteslaget læter.
Det svarte blod vert raudt i denne eter.

Å! kjære bymann gakk ei stør og stiv,
men kom her upp og kjenn eit anna liv!
kom hit, kom hit, og ver ei daud og lat!
kom kjenn, hot d'er som heiter svevn og mat,
og drykk og torste og det heile, som
er liv og helse i ein hovudsum.

Og tanken, denne fugl frå ljos og dag,
her slær han sine sterke vengeslag,
og fyker fortare enn alle vindar
burt over alle desse håge tindar.

Der var 'kje under fjellets gut var kar,
og stødt på slettelandet herre var,
og bar der ned sitt vit og tungemål
på odden av sitt gode armestål.

Du alltid såg, at fjellet var mot flaten
som ånd og tanke mot den kjære maten.
Dei hanga må i hop, men stendig strid
der var imillom deim kver evig tid.
Gramt fjellet var, men alt i senn det lo, ja
som då Achilles køyrde kringom Troja
med lansa retta fram til knas og knus,
og "bringeplata skein som Sirius"."

So kvad det eine år han var på ferda,
og reiv seg laus frå bok og heimestad.
Og det som so det andre år han kvad,
det var so vidt eg veit på denne gjerda:

"Til fjells eg atter lyt og ut meg lufta.
Mi sorg heng heime som den slitne kufta.
Og all den lærdom som eg gjenomsøker,
stend heim' i hylla der med mine bøker.
No er eg fri, no vil eg ut å ferda,
og so av folk og sjølve livet læra. -

So ut om jonsok - dette er ei gåte,
kvi so det er at gauken tagnar då,
men dette er som me av bøker sjå,
for det at mor hans kjøvdest av ei såte -
so ut om jonsok, då når gauken tagnar,
og snjoen upp i høgdom brånar av,
med skreppa på eg tek i hånda stav
og stryk frå staden ut og fjellet fagnar.
Til såre fot i flaska er ein dram.
Eg gjeng so våt i regnet at det surkar.
Men når so atter sola skiner fram,
so gjeng eg der og sveitten av meg turkar,
og i ein skugge ned eg so meg sleng
med skreppa skuva upp til hovudputa,
og ser på sky som der i lufta gjeng,
og hengebjørker som ikring meg luta.
Og ned i dalen høyrer eg ei å
og inn med meg den vesle bekken sikla.
Eg rekker loven ut for drykk å få
av kalde dropane som ned i tikla.

So ris eg upp og gjeng frametter glad,
so glad at heile livet eg kan kyssa.
So kjem eg til ei å med fosse-rad
og set meg so der ned og ser det fyssa.
So gjeng eg framigjenom der og ruggar
imillom raude furor der på mogom.
So lengna dei ikring meg alle skuggar,
og siste solegløden ligg på skogom.

So lid det på; so kjem eg fram til gards;
men ingen er i huset der til svars.
Eg bankar på og gjeng der og meg leidar.
Dei hava lagt seg eller er til heidar.
På låven ser eg høy, der so eg gjeng,
dit smyg eg inn og lagar meg ei seng.
Eg er so trøytt, og dubbar av og dovnar,
og er so svide-svolten, men eg sovnar.

So finn eg folk, om ikkje alle gilde,
men som til vederlag so god' og snilde.
Dei liggja, stakkar, der stein og grava,
og gjeva ferdamannen det dei hava.
Han smakar godt, den grov' og turre biten,
når so du gjeng der svolten, trøytt og sliten.

------

Der ligg ei vigsel over heile bøen,
og ut på fjellom sloknar solegløden.
Det dimmest av. Slik dag du aldri gløymer.
Og inne finn du seng av beste slag.
Du sovnar inn med takk for slik ein dag,
og sunne friske svevnen aldri drøymer."

Kjelde: Dikt, Noregs boklag, 1974,  s. 84-86

Kommentarer