Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

Mot Soleglad

Bilde
Frå Haugtussa, 1895.

Det stig av Hav eit Alveland
         med Tind og Mo;
det kviler klaart mot Himmelrand
         i kveldblaa Ro.

Eg saag det tidt som sveipt i Eim
         bak Havdis graa;
det er ein huld, ein heilag Heim,
         me ei kan naa.

Ho søv, den fine Tinderad
          i Draume-Bann;
men so ei Stund ved Soleglad
         ho kjem i Brand.

Naar Dagen sig som Eld og Blod
         i Blaae-Myr,
det logar upp med Glim og Glo
         og Æventyr.

Det brenn i Bræ og skjelv og skin
         med gyllne Bragd,
og Lufti glør' i Glans av Vin,
         Sylv og Smaragd.

Men av han døyr, den bleike Brand,
         som slokna Glo,
og klaart som fyrr ligg Alveland
         i kveldblaa Ro.

Eg lengta tidt på trøytte Veg
         der ut til Fred;
men Lande fyrst kan syna seg
         naar Sol gjeng ned.

Kjelde: Haugtussa, H. Aschehoug & Co.s forlag, 1895, s. 98


Issoleia

Bilde
av Aslaug Høydal.
Aud Hove les.

Eg sit her under Halvorshø
og kjenner gufs frå is og snø.
Men mellom alt det harde grå
skjelv issoleia kvit og mjå.

I kamp mot kulde, vind og storm
får livet tidt ei vesal form
- ei einsleg sjel, ein blom på fjell,
eit barn i krig mot bombeeld.

Det er dei våpen livet gav
å rømma bort og bøya av,
det veike liv vert meire várt
og det som sterkt er meire hardt.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Nordved Sjong

Bilde
av Tor Jonsson
Even Lusæter les Nordved Sjong

Eg går her og vinglar og vimar på strendom ein stad nordved Sjong. For minnet krev sine timar –
og helst vil det ha ein song.
Eg set meg varleg og ventar til tida går att og bak. Og kvelden kjem att og hentar eit gloande månevrak.
Kveldsvinden hullar ein springar. Og kvelden gøymer ei natt. På vatnet gjer fisken ringar, dei kverv og kjem aldri att –

Da klårnar det opp eit minne på strendom ein stad nordved Sjong: Ein kveld eg møtte ei kvinne for fyrste og siste gong.
Og augo dei smilte: Tak meg. Men tanken kalla det svik: Brenn ikkje bruene bak deg. Slikt er for den som er rik.
Men sumaren vart til ein domar: Syt 'kje for lekam og sjel. I bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. – – – Bårene bevrar kring osen, og månen sår sylv over sjo. Og dagen legg atter kosen mot vest og vert borte i blod.
Men ingen, nei, ingen skal finne mitt far i fjellom ved Sjong. Eg ber på ei sorg: Eit minne om fyrste og siste gong.


Kjelde: Mogning i …

Storskrytaren

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim. Synne Stensgård les.



Det gjekk eit bod gjennom skogen ein måneskinskveld: Haren vil drikke opp elva og lyfte eit fjell!
Og alle dyra som budde nære og langvegs frå, dei strøymde saman om harepusen og ville sjå.
Kattugla sat der med kloke augo utan eit ord. Ho tenkte berre:"Eg tykkjer kjeften er litt for stor."
"Høyr!" hukra haren, "eg tømmer elva - om eg kjem til, og lyfter fjellet med eine labben - dersom eg vil.
Men eg har tenkt meg om, må de veta, eg vil dykk vel: Drakk eg opp elva, så ville de tyrste beint i hel.
Og om eg lyfte bort dette fjellet, som eg kan gjera, så hadde de ingen stad å vera!"
Då svara dyra: "Det var vel omtenkte haretankar, men gjer det lell! For vi kan flytte til andre elvar og andre fjell."
Han såg seg viktig til alle kantar og rundt ikring: "Ja, om eg vil, kan eg greie all ting som ingen ting!"
"Så vil det då!" ropa alle saman, "og gjer det fort!" Då hoppa harepus u…

Sommarsvevn

Bilde
av Tarjei Vesaas
Janne Langaas les

Blågrøne tjønn-vatnet
skvalpar mot steinar.
Takten er sovande.
Glattslikka steinar.
Tusenårs steinar
slikka av båra,
mjukare mjukare.
Først denna kvite,
den grå og den svarte.
Svevnfull er båra
og dreg seg tilbake,
så sola får steike
den kvite, den grå,
og den svarte den største.

Steinane ventar,
tyrste og brennheite,
lint som i vogge,
ventar på båra
den nye, den nye.
Våte og hissande kyss.

Sov sov,
alt som kan flyte
fram og tilbake.
Grønklare vatnet
bar ingen bodskap.
Opptrutna maurar
har slutta å slite,
flyt som eit minne
om rasande gjerning.
Rek-ved som mørknar
buttar i stranda.

Sovande flyting
fram og tilbake
sommaren lang.
Men vinden er lenger.
Vinden som ingen har sett.

Vinden og båra
kan ikkje tryte.
Vinden og stranda
og tusentals steinar.
Blågrøne vatnet
ber svevnen i fanget.
Blågrøne vatnet
har allverdens tid.