Sommarsvevn


Janne Langaas les. Foto: Rita Mundal
av Tarjei Vesaas

Blågrøne tjønn-vatnet
skvalpar mot steinar.
Takten er sovande.
Glattslikka steinar.
Tusenårs steinar
slikka av båra,
mjukare mjukare.
Først denna kvite,
den grå og den svarte.
Svevnfull er båra
og dreg seg tilbake,
så sola får steike
den kvite, den grå,
og den svarte den største.

Steinane ventar,
tyrste og brennheite,
lint som i vogge,
ventar på båra
den nye, den nye.
Våte og hissande kyss.

Sov sov,
alt som kan flyte
fram og tilbake.
Grønklare vatnet
bar ingen bodskap.
Opptrutna maurar
har slutta å slite,
flyt som eit  minne
om rasande gjerning.
Rek-ved som mørknar
buttar i stranda.

Sovande flyting
fram og tilbake
sommaren lang.
Men vinden er lenger.
Vinden som ingen har sett.

Vinden og båra
kan ikkje tryte.
Vinden og stranda
og tusentals steinar.
Blågrøne vatnet
ber svevnen i fanget.
Blågrøne vatnet
har allverdens tid.

Kjelde: Liv ved straumen, Gyldendal, 1970, s. 79

Kommentarer