Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Mammut og moskus

Bilde
Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet . Foto: Dombås turistkontor av Vegard Vigerust Mammut på Dovre-platået - ikkje lenger å sjå i blået. Vår heimlege dinosaur kjøvdest ned i is og aur. Men moskus finst i fjellom her, minimammut, storegut, halvvegs sau og tri kvart stut! Tonge dyret kliv så lett, horn i hugu-brasken tett! Smell det høgt i skard og hø, er det paringskamp på liv og død. Men smyg du deg innpå med kamera og ailder så nære, så veit du brått ikkje ordet 'tå før du fyk i høgste være! Moskusen tæk deg på nåsån, Gud bevare ditt stakkars liv - da ser du Dovre i perspektiv, og blodet ditt dryp i måsån. Bildet du tok, i såmå sekundet, va som bestilt 'tå Naturvernforbundet - Vegard Vigerust Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen , 1993, s. 7

Heime

Bilde
Even Lusæter les diktet . Foto: Sigrun Eide av Olav Aukrust Det er godt å vera komen til dals att for den som hev fare dei ville fjell. Det er rart å ride til gards att for den som hev lengta so mang ein kveld. Det regnde og blés uppi vigga. Eg fraus som eit burtblåse blad. Men no er vêret blidga; no er min hugen glad. Det er rart at slikt kunde hende den som laut røyne so nifs ei leid. Det er rart at det barst attende og heim-att i sol over helut heid. Kvorvne er skuggane skakke, og otten hin store med deim. Eg kann ikkje deg fulltakke som viste meg leidi heim. Kjelde: Dikt i samling,  Gyldendal, 1967, s. 196

Blod i snø

Bilde
Foto: Liv Å. Mathisen av Tor Jonsson John Nyustumo les No dryp det blod i snø. Det bed frå svarte augnedjupet,  – og angestbåra bevrar gjennom hold: Eit stakkarsting, ei livredd rjupe, som, snarefanga, snart er død. Det kveldar over fjell. Og månen kliv imellom tindom, i kalde hjartelause himmelhav. Ein vindgust sældar snø på rindom og kverv i kvit og månljos kveld. Ei stjernebru er strødd, med æveblenk i jordlivsdagar,  – ho speglar seg i svarte augnerømd. Og nordljosteppet skjelv og blagar. Men auga stivnar, gjennomglødd. Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt. For livet sjølv dreg snara åt og kvæver i den kvite snø ei von, eit einsleg minne om sumar over fjell og finne. Kjelde: Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 41

Sørmed hølom

Bilde
Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter Aa det skin mot Sot-fly flaae klaart mot himil-kvelving blaae burt i bratte Brennstøls-fjell. Gjenom linne lufti Lidar- vatne skimtar eg, det vidar seg so vænt i stille kveld. Her ja; sørmed desse hølom midt imillom baae stølom Røykjeskôlen still i skygd ligg med løyndomsfulle lider, her eingong i gamle tider var ei sæterhytte bygd. Daa dei kom til støls um vaaren, inni selet, attmed aaren, laag eit mannslik hovudlaust. Folki fælne heimatt vende, sæterhuse ned dei brende, bygde sæter lenger aust. Sidan er det som det skulde vore noko av det dulde, løynde her ved denne stad. Desse djupe bjørkelundar ned mot vatne!  Stillt det blundar utan blek av minste blad. Noko er det som ligg under, som eit mord ved midnatt-stunder tyngjande med sonings-skuld. Minne vaker og det gøymer udaads-otten.  Stødt han drøymer, under lidi løynd og duld. Kjelde: I dalom , Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80