Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2014

Jeg slepte min sorg til fjells en gang

Bilde
av Theodor Caspari

Jeg slepte min sorg til fjells engang,
om trøsten var der å finne. -
   Og steggen han skratta og elva sang
   og snespurv føyta all dagen lang
og fløyta på bre og tinde.

Da elva han rørte sitt harpespill
og vindene strøk sin gige,
   da geitrams vogget i takt dertil
   da lysnet det opp og ganske still
tok sorgene til å vike. -

Da blåklokken lot sine klokker slå,
da lettet mitt tunge sinne, -
   da lerka hun slo, da var ei råd,
   da reiste min sorg mot det dype blå
og spredtes for alle vinde. -

Ti vil jeg da råde hvert motløst sinn
som huser en lønnlig kummer:
   Han stige der opp til bre og tind,
   han legge sitt hode til vidda inn,
den synger hans sorg i slummer. -

Kjelde: Dikte i utvalg, Ernst G. Mortensens forlag, 1945, s. 23

Storm på Dovre

Bilde
av Vegard Vigerust

I Dovre-storme va det ein ljod
som minnet mitt gøymde frå langt attende.
Da stemnde eg upp frå dal og mo
på stigom inst i mitt båndoms lende:
Dovre-stormen kring hø og horgje
over gråe og småe sorgje,
Dovre-stormen som syng og bura'
over tindom som isen skura!
Høyr, det susa' og pip i skardom!
Hyss, det blistra' i kvasse vardom!
Myrke læte og mjuke låte,
Dovre-stormen med aill si gåte.
Um eg fann att den eine ljod
fyngje vonoms sjæle mi ro -

Kjelde: Syng Dovre, 1982, s. 59

Høgfjells-drag

Bilde
av Tore Ørjasæter

Sjå dagen stig i aust og soli sprett,
du kjenner i deg ljosens ånd og ætt.
Du ser mot himlens høgd, og avgrunns-glup,
og ævetanken tek deg still og djup.

Det sterke drag, den stille høgfjells-sus
igjenom Herrens store kyrkjehus,
som stig og strøymer under blåe kvelv
er orgelbrus frå bratte bræe-elv.

Ljoskruna under denne kyrkjekvelv
er soli som på snøen skin og skjelv.
Alt er så stort, du einsleg er med Gud,
og langsyn hev du vidt mot nord og sud.

Eit heilagt kyrkjetårn er høgan tind,
som solgyllt står i milde morgonvind
og høgast lyfter seg mot ljose sky
med døyvde glans av dagsens fyrste gry.

Det stig og strøymer under store kvelv
som song og sus igjenom rome skjelv;
ein heilag ande over audni sviv
og gjev den svarte stein ein glans av liv.

Og fritt sviv syne over flæ og fly:
det fyrste tim du fær av dagen ny.
Og seint du ser det siste solarglad
med skuggesveipte tårn og tinderad.

Kjelde: Dikt i samling, Aschehoug, 1985, s. 60