Høgfjells-drag

Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland
av Tore Ørjasæter

Sjaa dagen stig i aust og soli sprett,
du kjenner i deg ljosens aand og ætt.
Du ser mot himlens høgd, og avgrunns-glup,
og ævetanken tek deg still og djup.

Det sterke drag, den stille høgfjells-sus
igjenom Herrens store kyrkjehus,
som stig og strøymer under blaae kvelv
er orgelbrus frå bratte bræe-elv.

Ljoskruna under denne kyrkjekvelv
er soli som paa snøen skin og skjelv.
Alt er so stort, du einsleg er med Gud,
og langsyn hev du vidt mot nord og sud.

Eit heilagt kyrkjetaarn er høgan tind,
som solgyllt staar i milde morgonvind
og høgast lyfter seg mot ljose sky
med døyvde glans av dagsens fyrste gry.

Det stig og strøymer under store kvelv
som song og sus igjenom rome skjelv;
ein heilag ande over audni sviv
og gjev den svarte stein ein glans av liv.

Og fritt sviv syne over flæ og fly:
det fyrste tim du fær av dagen ny.
Og seint du ser det siste solarglad
med skuggesveipte taarn og tinderad.

Kjelde: I dalom, Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 25

Kommentarer