Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016

Oktobervandring

Bilde
Forfattaren les diktet. Foto: Merete Byrøygard av Anne Sletten Sjå frosne myrar og nakne lier og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang. Frå kjørr og tuve har tagna tonen dei glade småfuglars ljose sang. Rimfrost på strå, doggtårer små. Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå. Skardheim er nådd, komen halvvegs. Lett vi trødde dei tunge bakkar. Greie råk fortel om mange som før oss trakka. Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende:

Ailder meir vil eg her ifrå

Bilde
Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet. Foto: Bernhard Svendsgard av Vegard Vigerust Langt inni blåe Grimsdalfjelle der vatnet renn utu himile klår, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og drikk så lippa mi kjennest sår. Skirare vatn finst 'kje på jorde, det skin som dogg på bergje. Men akte deg, det er styggeleg kaldt, - det frøyse' kav innåt mergje. Langt inni blåe Grimsdalsfjelle der alderdomen vart mildar å sjå, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og ailder meir vil eg her ifrå. Vakrare død finst 'kje på jorde, han er som vin på tongun. Eg berre drikk te lippa bli' sår og blodet frøysest i longun. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 32

Der livet var

Bilde
Foto: Morten Kielland Finn Sandum les sitt eige dikt Det ligg eit vatn trast innpå vidda og vegen dit opp er tung og bratt. Eg tende bålet der innpå stranda og låg og fiska så mang ei natt. Når dagen stampar i tunge stunder eg tenkjer ofte på bålet der, når tunge tankar i tusen runder legg klamp om foten kva enn eg gjer. Da ser eg bålet der innpå stranda og ljoset tvers gjennom skodda når. Eg let att augo og roleg anda og kjenner eimen av ungdomsvår. Eg høyrer gauken i sommarnatta, eg høyrer vemod i heilolåt. Litt oppi lia ein rypstegg skratta' ved stranda ventar ein gamal båt. Finn Sandum, 2012