Ailder meir vil eg her ifrå

Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet. Foto: Bernhard Svendsgard
av Vegard Vigerust

Langt inni blåe Grimsdalfjelle
der vatnet renn utu himile klår,
legg eg meg ned på eit røslyng-stelle
og drikk så lippa mi kjennest sår.
Skirare vatn finst 'kje på jorde,
det skin som dogg på bergje.
Men akte deg, det er styggeleg kaldt,
- det frøyse' kav innåt mergje.

Langt inni blåe Grimsdalsfjelle
der alderdomen vart mildar å sjå,
legg eg meg ned på eit røslyng-stelle
og ailder meir vil eg her ifrå.
Vakrare død finst 'kje på jorde,
han er som vin på tongun.
Eg berre drikk te lippa bli' sår
og blodet frøysest i longun.


Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 32

Kommentarer