Innlegg

Viser innlegg fra april, 2013

Bekken

Bilde
av Olav Øygard Finn Sandum les diktet.   Foto: Sina Byrøygard Den vesle bekken på fjellet sprang og ned i dalen han trådde, han tenkte ikkje på vegen lang fyrr ut i havet han nådde. Han sette avstad med song og sprett, so kvit mot steinen han skuma; og ned i dalen han nådde lett der fossen dura og bruma. Men ei han ansa um fossen skreik so grovt at folk mest kje sansa; han hivde seg i den ville leik og lett på foten han dansa. Og sidan saman dei for sin veg til dei i sjøen fekk runne. Der fekk han liggja og kvila seg, for han sitt mål hadde vunne. Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 23