Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2018

Trollskyss

Bilde
Synne Stensgård les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Oppå ein koll stod det ei trehundreår- gamal toll. Dit kleiv eg ein dag og sat der og huska. Eg visste ikkje av at eg veikte eit troll! Men tolla var håret på hausen hans. Og no spratt det opp i ein lysteleg dans. Det ropa og rende og sprang som på glør: "Eg sovna i sytten- hundre-og-før, men aldri har eg hatt lus på meg før!" Dermed det flaug i ein rennande ring så storstein og småstein og grastorv og mose spratt rundt ikring! Men lusa var eg. Og eg klengde meg fast ned gjennom lia der barskogen båra og turrkvist knast. Meir vanvetug skyss har eg aldri hatt! Der bykste det over eit brådjupt gjel. Då miste eg taket og datt og datt - - Ei fossande fjell-elv frøydde nedunder og vaska berget med døn og dunder. Og hadde det ikkje vore så vel at eg skvatt til eg datt beint ned i senga og - vakna att, så ville eg drukna i ville fossen og attpå slege meg beint i

Kveld på viddun

Bilde
Bjørn Sigurd Glorvigen les. Foto: Bernd Tordhol av Ragnar Solberg Det æ stilt. Frå skuggjegråe sjogje skyme det aurgåmålt audt, kravla dove og halv-daudt - susa som regnskjyl over vidde. Men vidde søv, ho. Frå skomflødde himile vælta tonge skådda ned og tviheld blåsvarte tre - gjere augun mine nattblinde - E kan kje sjå meir. Frå avhol djuft i sjogje syng det kjøvd og kjenst og nytt - ei ljoskolv med eira glytt stig ti kvelt ekko utu skåddun. Tru frå Is-Gude? Det æ stilt. Frå einsle, skambiti sjæl be' det og kviskra strengje som ha halde på lengje og e ha kje lytt ette før nå. Nå ha e vakna! Kjelde: Dikt i utval, Aschehoug, 1968, s. 21