Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2016

Fjelltur

Bilde
Foto: Mari Eide Lindsheim av Finn Sandum Forfattaren les. Eg høyrer ein song ifrå fjellet frå tindar og våte myr som lokkar meg opp ifrå bygda mot fjellheimens eventyr. Der reinlaven kryp over rabbar og dekker den magre jord Der myrull i fjellbrisen vaggar og talar forutan ord. Der inne på vide vidder eg andar i djupe drag mens heiloen vemodig varslar ein gryande sommardag. Bak snødekte høge tindar stig tindrande sommarsol opp Ein kvilestein tett innved bekken gjev ro i ein aldrande kropp. Her vil eg nyte mi niste og lytte til fjellbekkens sang og kjenne ein liten fjellkar krype opp på eit bestefarfang. Kjelde:  Sol i Skuggeskog , 2012, s. 21

Vårdag

Bilde
av Arne Garborg Janne Langaas les . Foto: Merete Byrøygard Å nei, for himil rein og klår! Å sæle meg, no er det vår! No spelar liv um land og strand:  å sæle meg, at upp eg vann! Å nei, for dag vår Herre gav! So skirt um fjell, so svalt i hav! So linn ei luft, so høg um haug! Og dette sæle solskinslaug! Å nei, eg høyrer lerka slå upp under bleike himilblå; mot kvelv ho stig med songen sin; snart når ho visst i himlen inn. Sjå måken ror frå klåre nut i stille tak mot havet ut; og fugl det kvitrar, kved og syng i tun og tre, i lind og lyng. Og å, som soli lognar trygg som varmeflaum um barm og rygg! Og gjennom all den milde dag det mjuke, salte havsens drag! Det brydder strå, det sveller knupp, og sevja stig i treet upp; ein dåm det vaknar søt og tung... Å sæle meg som er so ung! Kjelde: Arne Garborgs beste, Det Norske Samlaget, 1992, s. 19