Fjelltur

Foto: Mari Eide Lindsheim
av Finn Sandum
Forfattaren les.

Eg høyrer ein song ifrå fjellet
frå tindar og våte myr
som lokkar meg opp ifrå bygda
mot fjellheimens eventyr.

Der reinlaven kryp over rabbar
og dekker den magre jord
Der myrull i fjellbrisen vaggar
og talar forutan ord.

Der inne på vide vidder
eg andar i djupe drag
mens heiloen vemodig varslar
ein gryande sommardag.

Bak snødekte høge tindar
stig tindrande sommarsol opp
Ein kvilestein tett innved bekken
gjev ro i ein aldrande kropp.

Her vil eg nyte mi niste
og lytte til fjellbekkens sang
og kjenne ein liten fjellkar
krype opp på eit bestefarfang.

Kjelde: Sol i Skuggeskog, 2012, s. 21

Kommentarer

Legg inn en kommentar