Oktobervandring

Forfattaren les diktet. Foto: Merete Byrøygard
av Anne Sletten

Sjå frosne myrar og nakne lier
og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang.
Frå kjørr og tuve har tagna tonen
dei glade småfuglars ljose sang.
Rimfrost på strå, doggtårer små.
Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå.
Skardheim er nådd, komen halvvegs.
Lett vi trødde dei tunge bakkar.
Greie råk fortel om mange som før oss trakka.
Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende:

Tunge steg, sterke kroppar i grått vadmål
med bør i sekken og ro i sinnet,
hund som fillar trutt i fara.
Ein liten geitflokk ned til kvelds,
bukken frir til den vesle, blakke,
stanar og undrast med øyra på skakke.
Ser han meg, tru?
Men bukken ristar dei store horna, og alle skundar
forbi og heim, til mjølking og godprat og salt på stein.

Mot seine kveld, ei einsleg kvinne
lokkar og lyer, må flokken sin finne.
Dei kom da så sikkert når sol sto på hell,
skal tru noko kunne ha hendt med dei lell?
Men så svarar gromkua, bjølla klunkar!
Borte er angsten, i glede hjarta dunkar.
Mørkredd? Nei, er du galen, når ein fer med åtte kyr?
Nei, da fekk du bli nedi dalen!

Vakne or draumen, gå lenger-
Bleike grastuster, gråbrune blad
frå kjørr og vier har lagt seg ned.
Vinden leikar lett i håret.
På med vottane, her rår eg, sa vinden.
Men fyrst ein tur rundt med kikkerten
i alle fjell, etter alle lier.
Tålmodig ventar bua, trygg og traust.
Tenk at dei mine vil sjå om meg enda ein gong i haust!

Kjelde: Liv, eige forlag, 2001, s. 8

Kommentarer