Sørmed hølom

Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland
av Tore Ørjasæter

Aa det skin mot Sot-fly flaae
klaart mot himil-kvelving blaae
burt i bratte Brennstøls-fjell.
Gjenom linne lufti Lidar-
vatne skimtar eg, det vidar
seg so vænt i stille kveld.

Her ja; sørmed desse hølom
midt imillom baae stølom
Røykjeskôlen still i skygd
ligg med løyndomsfulle lider,
her eingong i gamle tider
var ei sæterhytte bygd.

Daa dei kom til støls um vaaren,
inni selet, attmed aaren,
laag eit mannslik hovudlaust.
Folki fælne heimatt vende,
sæterhuse ned dei brende,
bygde sæter lenger aust.

Sidan er det som det skulde
vore noko av det dulde,
løynde her ved denne stad.
Desse djupe bjørkelundar
ned mot vatne!  Stillt det blundar
utan blek av minste blad.

Noko er det som ligg under,
som eit mord ved midnatt-stunder
tyngjande med sonings-skuld.
Minne vaker og det gøymer
udaads-otten.  Stødt han drøymer,
under lidi løynd og duld.

Kjelde: I dalom, Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80

Kommentarer