Mot soleglad

Lyd og bilete: Merete Byrøygard
av Arne Garborg

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo;
det kviler klårt mot himilrand
i kveldblå ro.

Eg såg det tidt som sveipt i eim
bak havdis grå;
det er ein huld, ein heilag heim,
me ei kann nå.

Ho søv, den fine tinderad
i draume-bann;
men so ei stund ved soleglad
ho kjem i brand.

Når dagen sig som eld og blod
i blåe-myr,
det logar upp med glim og glod
og æventyr.

Det brenn i brè og skjelv og skin
med gullan-bragd,
og lufti glø`r i glans av vin,
sylv og smaragd.

Men av han døyr, den bleike brand,
som slokna glod,
og klårt som fyrr ligg alveland
i kveldblå ro.

Eg lengta tidt på trøytte veg
der ut til fred;
men landet fyrst kann syne seg
når sol gjeng ned.

Kjelde: Arne Garborgs beste, Det Norske Samlaget, 1992, s. 17

Kommentarer

Legg inn en kommentar