Bergbruri

Aslaug Vaa les sitt eige dikt, NRK, 1954. Foto: Aud Kvamme
av Aslaug Vaa


Kvar er lykka?
Stundom i eit vatn der himilen speglar seg -
der nutar og lidar og nes sym
som i ein glidande draum.

I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt
med æar som fysser uti,
kvite av isen frå fennan på vidda.
Og bratte reinar
med bjørkekrullar
og rape og viu og tett grøn brisk
stend på skallen i vatnet.

Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite serken sin
og spegla seg att i djupaste vatnet,
med´ tusen sjønnur dansa ut frå dei grøne skålin.
Ho er som lykka millom to menn´skje.
Ho er ikkje tidt å finne,
men ein dag stend ho der,
i harde berget,
og då er ho annleis enn alt anna.

Når bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn,
er det to som smiler til einannan,
er det to som vaknar or draumen sin.
Når bergbrurin drys sjønnun sine ivi vassflata
er det to hugar som flyt i hop
og laugar seg på djupet
og leikar seg med blå himil og kvite skyir.


Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 84

Kommentarer