Bånsull

Foto: Rita Mundal
(ein haustkveld)

av Olav Aukrust
Merete Byrøygard les

Å skin i skardom.
Hanen gjel og røyk stig på gardom.
Hjalar hjuring høgt i hø.
Rim på blad og bleinka bø.
Gulnar konn i dalom
og visna lyng i lidom,
   - å lidom.

Byssam, å fjaggen.
Kjellargufs og godt øl på kaggen.
Øl til gjest og gjengarmann.
Gamel-Synne mjølk i spann,-
snille Gamel-Synne
og Sissel Søtilbakka,
   - å bakka.

Brim og mysublande
ska' heller ikkje folk vilja vande.
Nysilt mjølk ska' båne' få.
Vert det ingor onnor rå',
so finn me bær i skogen-
men trøyste oss, kjem sjogen,
    - å sjogen.

Myrbær på Mytingen.
Tett på tuva raud finn me tytingen.
Soli skein so varm og blid-
hegg og bring og blåbær-lid
kjem med bær åt bonom,
ja bær åt alle bonom,
   - å bonom.

Byssam, bysam båne'.
Langt burt i berg og bankan blåne.
Rauberg stul og Ljosli gauk,
vakkert vêr og ingen hauk;
berre eg og du, san,
ska' der i fjellom bu, san,
   - å bu, san.

Liten Tusul bror, han
vert nok både sterk, han, og stor, san.
Fange fisk i djupan tjønn,
gå på ski og skjote bjønn-
det skal Tusul bror, ja,
når han vert sterk og stor, ja,
   - å stor, ja.

Haust og hustre ute.
regnet slær og tandrar på rute.
Hu-Jo sit i høgan hjell,
rekargaupa gøyr i fjell,
Tusul ska få byrse,
å byrsam, bån, å bysjam,
   - å bysje.

Båne' ska' kje gråte.
Fela, ho skal leike og låte.
Du ska' sjå, det her vert stell,
lambi, med, kjem heim i kveld,
so slepp dei gå der våte
og frjose inni fjellom,
   - å fjellom.

hjuring: gjetar
tyting: tyttebær

Kjelde: Hamar i hellom, Gyldendal Norsk Forlag, 1926, s. 45

Kommentarer