Mjuk er myrulli
![]() |
Magnhild Bruheim les. Foto: Sigrun Eide |
Glad er fljugande ferdafuglen
på heime-veg.
Enda gladar er tanken min
som finn til deg.
Varm er stråla som soli sprænar
mot aur og urd.
Varmar enda er augnekaste
frå unge brur.
Mild er vindtonen der han tiskar
i lauv og lyng.
Enda mildar er voggesullen
som mori syng.
Mjuk er myrulli nordi morkom –
som stille, gråtande hjartesorgi
til sviki brur.
– – –
Mjuk er myrulli nordpå myrom,
ho dubbar bljug –.
Mjukar enn alt er kjærleikslengten
i mannahug.
Kjelde: Stengd dør, H. Aschehoug & Co., 1941, s. 13
Kommentarer
Legg inn en kommentar