Mjuk som myrull

av Vegard Vigerust

Merete Byrøygard les. Foto: Merete Byrøygard
Så mjuk som myrull er kjærlegheite,
den som eg kjenne' for deg!
Men du veit at myrull, - Å, mjuke myrull,
den blomsten er nogo for seg.
Ho veks i avsides lende
Og gøyme' seg burt så sær.
Og lell så skull' de da hende
du kom og fekk sjå meg der!

Nå er oss i hop for livet
bratt kan det vera å gå,
men så mjuk som myrull er kjærlegheite,
og mest når det røyne' litt på.
Så kom da, du vænn eg fekk meg
så går oss og finn ein tind,
og kyss meg og elsk meg og vekk meg
med myrull som stryk mot kinn.

Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen Boklag, 1993, s. 42

Kommentarer