Berget

Foto: Morten Kielland
av Olav H. Hauge
Janne Langaas les

Berget syner meg sine grimor,
skuringsstripor og klomerke etter frost.
Men mange dagar har det drukke sol
og vorte stroke av linn vind.

Kjelde: Dropar i austavind, Noregs Boklag, 1966, s. 58

Kommentarer