Krystallen

Lisbet Lid Venås les sitt eige dikt. Foto: Merete Byrøygard
av Lisbet Lid Venås

Krystallen blenkjer i
berget einstad
for vind og for ville fuglar
men sjeldan for menneskeauga.
Og snaufjellet breier seg milevidt
einsleta, magert,
utan eit under.
Stein er det nok av
og ord er det nok av
- haugar av ord
gråe som berg.


- men ein hende gong
finn du krystallen
gjennomskinleg ligg han i handa
speglande av alt ljos
- og  ein hende gong
kjem deg til møtes
det gode ord
som veg tungt
og søkk djupt
og gjev deg ei varig glede
klår
som krystall.

Kjelde: Bålet, Fonna forlag, 1976, s. 11

Kommentarer