Huldresong

Foto: Merete Byrøygard, som også les diktet.
av Jakob Sande

Kvi går du so still og sturer
i fjellet du vesle svein?
Kvi sit du so bleik og kurer
med hand under kinn, der på stein?
Kvi går du med tankar såre
for ho som i synd deg sveik?
Ho er ikkje verd ei tåre,
so stur ikkje lenger so bleik.

Å høyr meg du mannsbarn unge,
kvi går du med sorg i sinn?
Lat fara dei tankar tunge,
– kom over i haugen min!
For her skal du sorgi gløyma
ved barmen min, mjuk og varm,
og ljost imot dagen drøyma,
kvar natt i min trugne arm.

Å høyr meg du mannsbarn bleike,
hjå meg skal ditt hugsår gro.
Eg skal kje med hjarta ditt leike,
som ho som du tenkjer på no.
Nei alltid skal eg vera hjå deg
og kyssa ditt bleike kinn!
Å gå ikkje burt ifrå meg,
kom over i haugen min!

Det rørest eit liv her inne,
som aldri du drøymde før.
Sjå møyar til tonar linne,
i sylverflor dansen trør,
og slåttar på trollstillte strengjer
skal svæva i draum deg inn,
og natti med mjuke vengjer,
skal vogga deg lett og linn.

Hu lu over berg og dalar,
å høyr meg du ljose svein!
I haugen er gyllte salar,
det lyser av glimestein. -
Og her skal du freden finna,
som ute du aldri finn,
og lukka for livet vinna
i trugaste armen min!

Kjelde: Svarte næter, Gyldendal, 1929, s. 20


Kommentarer

  1. Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

    Công ty vận chuyển hàng nước ngoài FadoExpress hàng đầu chuyên vận chuyển, chuyển phát nhanh siêu tốc đi khắp thế giới, nổi bật là dịch vụ gửi hàng đi mỹ, gửi hàng đi úcgửi hàng đi đài loan và dịch vụ chuyển phát nhanh đi hàn quốc uy tín, giá rẻ

    SvarSlett

Legg inn en kommentar