Bera gullsky

Synne Stensgård les. Foto: Per Bakken.
av Jan-Magnus Bruheim

Kvelden var så ljosleitt
og berga så blå.
Eg gjekk der fylt av glede
for noko eg fekk sjå:

Ei gullsky låg og sumde
høgt over Karitind.
Eg tok ho ned med augo
og bar ho med meg inn.

Eg stilte meg så varsamt
og sa ikkje eit ord.
Med gullskya i augo
stod eg framfor ho mor.

«Du strålar!» sa ho undren
og smilte varmt til meg.
«Ser du? Det er ei gullsky,
eg tok ho med til deg!» 

Kjelde: Om alle tre var like ... barnedikt, Noregs Boklag, 1975, s. 18

Kommentarer

  1. Åhh her dere igjen og såå vakkert!!!!Nydeligt dikt og bilde:)))))

    SvarSlett

Legg inn en kommentar