Heimhug

Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland
av Jan-Magnus Bruheim

Flyttfugleflokkar
søkjer til andre strender,
til land under framande himlar
til venlege kyster
elvar og store skogar.

Men vender
når våren kallar -
kjenner dragnaden i seg
til reiret under eit takskjegg,
inn i ei røys
inne i skogane
ute på myrane
uppe på fjellet
eller i dalane.

Der løynde reir
ligg tome og ventar.

Alle har kvar sin stad
som dei dregst mot
og finn
i kvitrande heimkomeglede.

Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s. 205

Kommentarer

Legg inn en kommentar