Song om ei tjørn

Lisbet Lid Venås les. Foto: Merete Byrøygard
av Lisbet Lid Venås

Sit du ein kveld nordmed Kvithammartjørn
når røsslyngen brenn over rind og rust,
og kjenner deg fri som den vindborne ørn
ei skuggemjuk, blånande stund i august, logande soleglad
gyller kring våte sva...
- då kan du' kje gløyme det meir!

Gøymd mellom kvitberg i sørbris linn
ligg tjørna og smiler med auget blått.
Ho sullar den einsame songen sin
og skvalar mot steinan' med gråt og lått,
sukkar så kald og djup
under vågville stup.
- Det sislar i storrgras ved land.

Det stilnar i skardet når sola går ned,
og tjørna vert løyndomsfull sval og svart.
Myrmosen sovnar i seinsommarfred
når dimma kjem stigande, lett og vart.
Lyngkvisten lyser ung,
spreier sin ange tung.
Og nordom veks saftiggrøn blom.

- - -

Sit du her inne hjå tjørna ein kveld
og kjenner du eig ein kosteleg skatt -
Og leikar ein tone så vidt over fjell,
som lokkar i hugen den lange natt
når du lausriven må
fara vegen herfrå...
- Då veit eg du kjem eingong att! -

Kjelde: Villgras, Fonna forlag, 1959, s. 72

Kommentarer