Det er stilt

Finn Sandum les diktet.
Foto: fcmplanets.blogspot.com
av Olav Øygard

Det er stilt på sætervangen
medan natti myrk sig på.
Einsleg lyt eg kringum sviva,
ingenstad er liv å sjå.

Det er stilt i alle åsar,
no dei søv båd' folk og fe.
Berre eg må gå og driva,
berre eg er utan fred.

Det er stilt, og gjennom lidi
lyder korkje song ell' ljom.
Eg som tenkte du skuld' koma
ung og glad som fyrr du kom.

Det er stilt, men stjerneauga
det er like blidt som då.
Tru det skal ei helsing bera
frå den ven eg ei kan nå?

Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 29

Kommentarer