Storm på Dovre

Foto: Merete Byrøygard
Vegard Vigerust les sitt eige dikt

I Dovre-storme va det ein ljod
som minnet mitt gøymde frå langt attende.
Da stemnde eg upp frå dal og mo
på stigom inst i mitt båndoms lende:
Dovre-stormen kring hø og horgje
over gråe og småe sorgje,
Dovre-stormen som syng og bura'
over tindom som isen skura!
Høyr, det susa' og pip i skardom!
Hyss, det blistra' i kvasse vardom!
Myrke læte og mjuke låte,
Dovre-stormen med aill si gåte.
Um eg fann att den eine ljod
fyngje vonoms sjæle mi ro -

Kjelde: Syng Dovre, 1982, s. 59

Kommentarer

Legg inn en kommentar