Høydalen

Sigmund Bråtet les diktet. Foto: Kjell Nyøygard
av Lars Runningen

Eg veit om ein fjelldal som svaler og erler
finn fram til kvar vår med sin kvitrande song,
og at den er ei av vår Jotunheims perler,
det sannar du nok om du kjem der eingong.

Det fyrste ein heftar seg ved er kanhende
eit vatn all dalen kan spegle seg i,
med bekker lik sylvband frå vienvang-lende
og lauvskog og fjellkjørr frå bergpall og li.

Ein kan også lenge før høgsumarleite
så ofte som vatnet ligg blekstilt eit bel,
sjå grasgrøne slågå med bufe på beite
som i ein fasett av ein veldig juvel.

Kanhende ein robåt glid ut ifrå støa
og stemmer til fjords ein vedunderleg dag
og rundar ein pynt under stupbratte høa
der lauvhenget skjelv for eit synnavind-drag.

Og fær du ein dag, i frå Tverrbytt-tjønnose,
sjå dalen som glimt av turkis og opal
med' fjellkjørra blør over kvitkaur og mose
da veit du, du finn ikkje vakrare dal.

Kjelde: Dikt i utvalg, 1995, s. 127

Kommentarer