Eg lengtar

Finn Sandum les sitt eige dikt. Foto: Simen Bjørgen
Eg lengtar mot fjellet i haustklår glans.
Eg dregst imot elver i våryr dans.
Eg trivst uti skogen når vårnatta vaknar.
Når sommarsol søkk, er det havet eg saknar.
Eg dregst imot fjellet når storstormen bølgjer.
Eg trivst inni skogen når striregnet høljer.
Eg lengtar mot alle kvar gong eg er sliten
for saman med dykk får eg lov vera liten.

Kjelde: Finn Sandum 2011

Kommentarer

Legg inn en kommentar