Stølsmorgon

Sigmund Bråtet les Stølsmorgon. Foto: Fylkesmannen i Oppland
av Rolf Vang

Det blenkjer som doggdråpar
i minnet, stølsmorgnane -
når ein vakna
i kjøleg drag frå budøra -
låg venta første solglimet
innover sels-golvet.
Skinnfellen som kitla
i andletet -
fôrdyna der fjellgraset
mjukna under ein
og anga av sommar

Bjølleklunk og geitebrek
frå fjøskvea.
Skarpe kling når bestemor
vaska mjølkekoppane
under vasstroa.
Kor djupt og inderleg godt
dei sit i ein desse
morgnane på stølen.

Fintoppstigen over vollen
ned mot vatnet
der ein liten brun båt venta.
Sjølve eventyret
når du vart betrudd årene
og drog båten over
hølsvart vatn
der noko av natta hekk att.

Så trygt med bestefar
i bakstamnen
med morgonpipa i neven.
Garnstøet ved Siljeosen
der gylne glimt i djupet
lova fangst

Det er borte nå - alt.
Buglasa glimar mot lyset.
Men ingen røyk stig frå pipa
og syner at stølsgrenda lever.
Vi vart siste generasjonen, vi
som fekk oppleva
ein stølsmorgon i fjellet.

Såmannsdrøm, Dølaringen, 1997, s. 12

Kommentarer