Innlegg

Viser innlegg med etiketten Seim‚ Signe

Vise i fjell

Bilde
Signe Seim les. Foto: Morten Kielland av Signe Seim Fara i fjell under solsløkt tind, finna ein heller for natta. Krypa i livd for væte og vind, finna ein heller for natta. Lyda til vatn som droplar i smog, finna ein hellar for natta. Høyra kor vind kan stogga sitt flog, finna ein heller for natta. Vita at alt skal roa seg smått, finna ein heller for natta, kjenna det slik, mot kveld er det godt finna ein heller for natta. Kjelde:  Sju frostnetter , Det Norske Samlaget, 1979, s. 29

Heilo - mi heilo

Bilde
Foto: Liv Å. Mathisen Signe Seim les sitt eige dikt Står på ein stein og kviler ved vatn i vierfjell, vakkerfuglen som fløyter einsam ein vårblå kveld. - Kom no, kom no, kom no til meg! Ligg på eit reir og drøymer ved vatn i vierfjell, ventar ungar som kravlar kring ho ein sumarkveld. - Kom no, kom no, kom no til meg! Flyg frå ein frost som jagar ved vatn i vierfjell, landar på fjerne flyer, lengtar mot vår ein kveld. - Vent no, vent no, vent no på meg! - Heilo, mi heilo, eg ventar på deg, kjæraste du! Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag, 2012, s. 35

Det finst eit fjell

Bilde
Signe Seim les. Foto: Åshild Mathisen av Signe Seim Det finst eit fjell for alt. Sorgfjell. Gledefjell. Eit for det store mot, eit for vesaldom. Eit for gøymsle, eit å stiga fram på. Det finst eit fjell for alt. Klage og lovprising. Kjelde: Det finst eit fjell, Samlaget, 1989, s. 9

Menneskje, himmel og jord

Bilde
Signe Seim les. Foto: Liv Åshild Mathisen av Signe Seim Når eg sit slik og fjellet kryler seg saman flatar seg ut, når eg sit slik jamhøg med vier og sprakje og ser utover storrmyrar finn det er skyer bortanfor vatnet, kjenner eg himmel og jord kan møtast ein stad inni meg. Kjelde: Det måtte vera her, Boksmia forlag 2012, s. 40