Innlegg

Viser innlegg med etiketten Skrede‚ Ragnvald

Fjellblomen

Bilde
Even Luseter les diktet. Foto: Simen Bjørgen  av Ragnvald Skrede Såg du ein einsleg blome som duva i solbris mild langt oppi fjell, der ingen ventar at liv er til? Slik kan ein stundom finne tankar som blyge bur bortgøymde djupast inne der som ein minst det trur. Fjellet er hardt og steingrått, men blomen er kløkk og fin; ber i si skire klokke doggdropen blank som vin; spreier sin veike ange, smiler i sol og vind. Ein, kanskje, ikkje mange staden og blomen finn. Kjelde:  I open båt på havet , H. Aschehoug & Co., 1952, s. 34

Steinen på stupet

Bilde
Foto: Bernt Tordhol av Ragnvald Skrede Bjørn Sigurd Glorvigen les Boren av skridande bre, lagd på ein tind, endeleg løyst or lega og send som i susande vind, men stansa på nytt av meinslege makter – slik ligg steinen på stupet. Kviler i ladd ro i tusenår, duvar i drøymt framsviv, dirrar i minnet om avlaus-tan. Så bikkar, så losnar det ein sundagsmorgon. Fjellet kastar med nakken, set i eit skingrande hanegal. I ei stutt, men veldig stund er draumane røynd: Slik fart f i n s t! Bleike står vi og skjelv i krutrøyk: Har du sett slikt flog over fonn? Har du høyrt slik sukk eller kjent slik fred? –  – – Boren av skridande bre . . . . Kjelde:  Den kvite fuglen , Aschehoug, 1955, s. 22

Frå kjelde til hav

Bilde
av Ragnvald Skrede   Bjørn Sigurd Glorvigen les . Foto Liv Å. Mathisen.             Grunnmalm 1966 Den kipne bekken strøymer ovmodsglad og gløymer jord og kjelde, far og mor, og ørskedansar over lange sva, tek sysken opp i seg, blir fossestor. Så får han skjegg av or og seljekratt, blir elv med manndomstankar, blir til sjø og speglar stjernene i haustklår natt og sig i dvale under is og snø. Men elva finn seg att og trår av stad til større stjernespegling, større ro i draumestilt djup med oseanisk fred. Så samlar ho si tyngd, renn ut og ned og glir alvorleg gjennom busett mo og kviskrar lykkeleg sitt siste ja. Kjelde: Nynorsk lyrikk, Selja forlag, 2009, s. 248

Besseggen

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Ragnvald Skrede Even Lusæter les Livet er som å gå Besseggen: Syner som blankaste barndomsdagar og kveldsfreden god etter fullførd vandring eller  avgrunns djup ventar deg etter som alt er laga ... Livet er som å gå mange Bessegger. For livet er ein draum, livet er ei rekkje draumar: Du kan ferdast i lavande paradislundar og vakne i gru på det ytste skjer; du kan segle i svartnande vitlausfart mot kimande, krasande undergangen og vakne i skogsus på Fredens øy  – gong på gong ... –  –  – Livet er blodig og sælt. Sigrar og tap og nye planar  – nye Bessegger, nye Bessegger. Alle dine voner kneggjar som hestar mot Jorsalferd kvar gong, kvar gong ... Det er livet å gå Besseggen. Kjelde:  Det du ikkje veit , H. Aschehoug & Co., 1949, s. 29