Besseggen

Foto: Liv Åshild Mathisen
av Ragnvald Skrede
Even Lusæter les

Livet er som å gå Besseggen:
Syner som blankaste barndomsdagar
og kveldsfreden god etter fullførd vandring
eller avgrunns djup
ventar deg etter som alt er laga ...

Livet er som å gå mange Bessegger.
For livet er ein draum,
livet er ei rekkje draumar:
Du kan ferdast i lavande paradislundar
og vakne i gru på det ytste skjer;
du kan segle i svartnande vitlausfart
mot kimande, krasande undergangen
og vakne i skogsus på Fredens øy 
gong på gong ...
– – 

Livet er blodig og sælt.
Sigrar og tap og nye planar 
nye Bessegger,
nye Bessegger.
Alle dine voner
kneggjar som hestar mot Jorsalferd
kvar gong, kvar gong ...

Det er livet å gå Besseggen.

Kjelde: Det du ikkje veit, H. Aschehoug & Co., 1949, s. 29

Kommentarer