Morgon på Neto-sæter
Foto og innlesing: Aud Hove av Tea Kummen Aud Hove les. Ei lita selsdør på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand - . Og silingskluten og spenasmurning og kakk - . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom - med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på - . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg - og der ser eg geiten' krek alt mot sør! Tru Sigrid-gjenta i gamelselet forsøv seg no? Det er så st...