Nordpaa sætrom
Kari Ørjasæter les. Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter So fer eg so glad og fri til støls nordpaa Mysubytta; det var nok mi beste tid eg livde i sæterhytta. Sjaa elvi gaar mysu-graa og stup-bratt i fossar fell; men himlen so blank og blaa seg kvelver um klaare fjell. Og øvst uppi Svart-bytt-dal der er det vel gras aat geitom; og lufti er linn og sval langt nordi sol-ljose leitom. Tverr-eggi ho staar so traust med dag-glans paa drivkvit tind. Sjaa soli ho renn i aust med vaknande morgovind. Det veks slike fine straa i lidi ved Røykjeskaalen. Og forkunnmat er aa faa for ku og for sau og folen. Og uppunder Sekkje-fjell der er det so høg ein stad, og blenkjande bekkjer svell og siklar på berge-svad. Og einsleg paa viddi vill der lyser den tunglynde tjørni. Mot himilen djup og still der stig den hugstore ørni. So vide som syn kann naa um fjell er det væne votn med himilen rein og blaa blenkjande skirt i botn. Kjelde: I dalom , Olaf Norlis For