Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vaa‚ Aslaug

Lat meg då vandre

Bilde
John Nyutstumo les . Foto: Morten Kielland av Aslaug Vaa Stundene då eg drakk meg utyrst av livets kjelde, kjem att og att og lyser over mitt livs ulende som eit Himalaya. Dei fjerne tindar i snjoglansen ovanfor voksterlina er mine mål. Lat meg vandre som ein liten på jord, - eg må fomle og bie - og må finne dei små stigar, nesten usynlege til mitt Himalaya. Kjelde: Aslaug Vaas beste, Samlaget, 1993, s. 43

Bergbruri

Bilde
Aslaug Vaa les sitt eige dikt, NRK, 1954. Foto: Aud Kvamme av Aslaug Vaa Kvar er lykka? Stundom i eit vatn der himilen speglar seg - der nutar og lidar og nes sym som i ein glidande draum. I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt med æar som fysser uti, kvite av isen fraa fennan paa vidda. Og bratte reinar med bjørkekrullar og rape og viu og tett grøn brisk stend paa skallen i vatnet. Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite                                                                  serken sin og spegla seg att djupast i vatnet, med´ tusen sjønnur dansa ut fraa dei grøne skaalin. Ho er som lykka millom to menn´skje. Ho er ikkje tidt aa finne, men ein dag stend ho der, i harde berget, og daa er ho ansleis enn alt anna. Naar bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn, er ...