Innlegg

Viser innlegg med etiketten Øygard‚ Olav

Det er stilt

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav Øygard lese av Even Lusæter Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjenom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Utgjeve posthumt i  Vårsong. Dikt i utval , Skjåk kommune, 2010, s. 29

Heimstaden

Bilde
av Olav Øygard Eg veit meg ein stad mellom nutar og fjell med stupbratte lid, der som fjellbekkjer fell. Sigrun Eide les diktet. Foto: Sigrun Eide Der ofte det bles frå den iskalde pol; men stundom der vermest av midsumarsol Ja fjellet det stig no so høgt og so hardt der fram for vårt auga i grått og i svart. Men innunder stend ho den skogklædde lid so lysande fager ved høgsumartid. I dalen der nede der ligg han vår gard og det er no arven frå far etter far. Um jordi er mager og skrinn til å sjå, ein likevel vokster av henne kan få.

Det er stilt

Bilde
Even Lusæter les. Foto: Merete Byrøygard av Olav Øygard Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjennom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 29

Bekken

Bilde
av Olav Øygard Finn Sandum les diktet.   Foto: Sina Byrøygard Den vesle bekken på fjellet sprang og ned i dalen han trådde, han tenkte ikkje på vegen lang fyrr ut i havet han nådde. Han sette avstad med song og sprett, so kvit mot steinen han skuma; og ned i dalen han nådde lett der fossen dura og bruma. Men ei han ansa um fossen skreik so grovt at folk mest kje sansa; han hivde seg i den ville leik og lett på foten han dansa. Og sidan saman dei for sin veg til dei i sjøen fekk runne. Der fekk han liggja og kvila seg, for han sitt mål hadde vunne. Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 23

Til fjells

Bilde
Finn Sandum les diktet. Bilde. Rita Mundal av Olav Øygard No når soli i dalarne verma ifrå tidleg um morgon til kvelds, då det best er å skreppa si leggja uppå ryggen og fara til fjells. Lat oss upp or dei solheite dalar, lat oss gå yver heider og nut. Der som fjellvinden panna di svalar, skal me sitja og kvila oss ut. Og når uppe på høgdi med stender, då me ser oss so vide ikring; for nedunder ligg dalar og grender og umkring oss stend fjelli i ring. All ting ter seg i strålande gidder ifrå fjellet til dalen so trong. Og dei aude og vidsveimde vidder, dei skal fyllast med ljom av vår song. Nei sjå alle dei lysande nutar, som for soli ei snøkåpe hiv. Det er sterke og støduge gutar, som ei ansar um stormarne driv. Her er vidder og grånande heider på kvar sida so langt du kan sjå. Og so fint og so skirt ho seg breider yver alt denne fjell-lufti blå. Når so stundom me trøyttest på foten, der me fram yver høgderne gjeng, i den fine og grånande mos...