Nattsong
Magnhild Bruheim les. Foto: Bernt Tordhol |
Dagen har gått til kvile
og står ikkje upp att meir.
Fuglane flyg mot skogen
og roar seg i sitt reir.
Barn knepper sine hender
og søv i den gode fred.
Ventar til morgonen vender
attende - og tek dei med.
Jamvel vinden har stilna -
Sumarnatti er sval.
Fjellgarden drøymer i blådis
og doggen fell over dal.
Hovud ved hovud, som småborn
søv blomane i si seng.
Fivreld legg vengjene saman,
kløveren søv utpå eng.
Allting kvarast mot natti.
Småkryp og dyr uti skog
leitar seg natte-lege.
Men ikkje ein fredlaus hug -
Tankane flagrar or reiret
søvnlause, utan kvil.
Fører deg med seg dei mange
endelaust lange mil.
Tankane flakkar vide,
vengjestilt - utan ljod.
Det er som du gjæter ein bøling
som aldri legg seg i ro.
Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 48
Så vakkert!
SvarSlett