Eit møte

Merete Byrøygard les. Foto: Morten Kielland
av Olav Aukrust

Eg møtte ei utgomol krekse med krykkje,
ihopkrøkt av alder, med ein'-kragg på ryggjé;
skodd var i høom, og skumt var på fjell.
Myrkt var i morkom, det halla mot kveld.

Det rikta og svikta i turrfuru-skrymt -
ho stod som eit syn der i skodde og skymt.
Eg helsa godt mot, og ho svara Gu'sindé',
det var på ei myr burti fjellom ved Rindé.

"Dæ mæssom e' trur ikkje dauin vil hå me',
å Gu' gje au, leil, at e' snart ha stridt frå me'!"
- ho skolv som på eit tre på ei myrull-myr,
der livande daude krèk innåt og kryr.
Ho stod der so drøymd som ei bergvegg-møy,
so gomol og grå, at ho fekk ikkje døy.
Eingong flaug ho gjætl'-gjente, lettføtt som hindé,
og lokka i langmorkom burti ved Rindé.

Ho einstirde langt inn i dauden og domen,
ho ynskte seg siste timen sin komen;
krokt over krykkja ho stirde og stod.
Handi var krøkt som ei rovfugl-klo. - -
Det serra so rart i eit vindalt tre,
det raut gjenom rømdi og nære ved:
i haust krèk dauden innover og finn dé'
i armods hytta di burti ved Rindé.

Som eventyrgamla i  minne ved midnatt
ho kvarv som eit syn att, og skoddi kom stinn att,
og tolvmil-skogen kom krèkand' forstøkt - -
Eldsmålet brotna, ljosken var sløkt.
Glohaugen låg att, spraglande bjart,
natti stod trollstinn, kolstupande svart.
Og blågrøne storrgraset blágra for vindé
i myrbardom burti ved tjønnsvarte Rindé.

Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 28

På ryggjé: På ryggen
Gu'sinde: Gud signe deg
Rindé/Rinda: Ei sideelv til Sjoa, ved Leirflaten i Vågå kommune (søk på Rinda)
For vindé: For vinden

Kommentarer