Inni Veslglupen
Foto: Mette Josten Ragnhild Kolden les sitt eige dikt Eg veit ein stad inni ville fjellet der alt er forvitra til berg og stille og bekblått vatn Dit kom eg ein gong ein tidlaus regndag Midt i det myrke urtidsandletet alle steinskapte landskap ber stod eg og kjende kroppen krympe til inkjes mot det å vera den eldste av steinane der. Vart som eit vinddrag gjennom glupen - lett over lendet og så: forbi medan steinen og vatnet og stilla låg der dei ligg til evig tid. Der inne har lendet sett seklar gå i uforanderleg øyde og storslegen togn og visste det ikkje. Og eg, som veit, skal vera eit vinddrag og sidan døy. Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59