Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2017

Stemning

Bilde
Merete Byrøygard les. Foto: Ukjend av Jakob Sande Vårbleik måne i aust over snø og skinande skare, snøgge, krossande far etter rev og rømande hare. Veikt og skimrande ljos gjennom bleike, kveldstille stunder, kvite, toppande skavlar med skuggen sovande under. Audt og einsamt i fjell går eit myrkt og kvervande skifar, mjuke, tagale spor av to nær og jamsides skipar. Ven, eg høyrer din pust som ein livsens straum ved mi side, skuggen ser eg ved min over snøen leikande glide. Ven, snart er natta vår, og din veike fot skal få kvile, lunt og trygt i min arm skal du trøytt og lukkeleg smile. Kjelde: Jakob Sande: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s. 211

Oppi Vigga

Bilde
Aud Hove les . Foto: Morten Kielland. av Tea Kummen No stig eg ned i frå fjell til dal. Her attanfor ligg den stille klåra, der er kje  f u s k e t  for pengar fal, men helsebot for ein sjuk og såra. Og småe tjønner og bekk og bre, dei dreg ein sukk no i nattestunda. Tru om dei drøymer, ell' kva det er dei strir med her og når auga blundar? Tru dei har samvit som røyver på seg no, og geispar mot morgontimen?  -  som skvett og skvamplar og røyner på når fjellet ventar på solgull-glimen? Ska' tru om vidda har hjarteklump der innom yta i brune barmen? Eg tykte mest at eg høyrde dump og kakking her nordi Aursjokvarmen  -  . Teg still min tanke. Dra skoen av og stig på kne her på vesle tuva. For sola sprett over hei og hav, og no tek myrulla til å duva  -  . Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114